top of page

Lyng er ein trio frå Stavanger som skriv og produserer eigen musikk. Dei fleste songane er på norsk, men nokre er også på engelsk og fransk. Med vokal, gitar og kontrabass ønskjer vi å lage nære ord- og lydbilete for vårt publikum.
I eit fleirkulturelt samfunn vil vi være speglen og lage låtar på ulike språk, inspirert av ulike sjangrar. Vi ønskjer å lage melodiar og tekstar som formidlar noko, ein følelse, noko du kan gå inn i. Dette er oss, upolert og ekte, vi har ikkje gjort noko for å tekkest produsentar eller andre. Det du får er akkurat det vi har ønska å lage.
Lyng er:
Rigmor Jønsson - tekst og vokal
Gerhard Ersdal - melodi, arrangement og gitar
Astrid Espe - kontrabass, torader og kor
bottom of page